Hopp til innhold

Meiner lånekassen er for firkanta

Lånekassen er altfor firkanta når dei behandlar elevane sine søknader om stipend og gratis skuleskyss, meiner Elevorganisasjonen. Leiar Kristoffer Hansen trur meir lokal styring i Lånekassen kunne ha løyst problemet.

Kristoffer Hansen

VIL HA MEIR LOKAL STYRING I LÅNEKASSEN: Kristoffer Hansen er leiar i Elevorganisasjonen.

Foto: Kjersti Kanestrøm Lie / NRK

– Vi høyrer fleire historier om elevar som brukar same busshaldeplass, men som blir handsama ulikt. Det er ein type saker som vi meiner er urettvise, seier Hansen.

Kristoffer Hansen og Elevorganisasjonen er titt og ofte involvert i saker som gjeld handsaming av regelverket for bustøtte og gratis skuleskyss for elevar.

Bur for nært

Guro Vangen Førde

BUR FOR NÆRT: Guro Vangen Førde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I Jølster er Guro Vangen Førde frustrert over at ho ikkje får bortebuarstipend , til trass for at resten av bygda ligg innanfor grensa på fire mil frå lærestaden på Sandane.

– Eg tykkjer det er urettvist. Eg skjønar at det må finnast ei grense, men i distrikta og med så små avstandar som det her er snakk om, må det gå an å bruke skjønn, seier Vangen Førde.

Handhevar strengt

For Lånekassen held seg strengt til reglane, og seier nei til støtte. Hansen meiner Lånekassen ikkje kan vere så firkanta.

– Hadde ein til dømes hatt litt meir lokal styring på korleis ein deler utdanningsstøtte, så hadde ein hatt større moglegheiter til å ta slike omsyn, seier Hansen.

Ikkje skjønn på avstand

Torleif Einarsen

IKKJE ROM FOR SKJØNN: Torleif Einarsen i Statens Lånekasse

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I Lånekassen meiner Torleif Einarsen at dei nyttar skjønn når det er behov for det.

– Lånekassen har mange skjønnsreglar, og utøver skjønn og legg til grunn vurderingar og dokumentasjon. Men skjønnsvurderinga av eit avstandskrav det blir feil. Avstand er eit absolutt mål og der er det ikkje skjønn.

Han peikar på at elevar med kortare avstand enn 40 kilometer mellom heim og skule likevel kan ha rett til bustipend, dersom dei må bruke tre timar eller meir tur-retur heim og skule - eller om at dei har spesielle behov utover dette.

– Reisetidskravet tek omsyn til elevar busett i område med dårleg kollektivtilbod, forklarer Einarsen.