Hopp til innhold

Meiner Flora Høgre øydelegg omdømet

Framstegsparti-politikar Frank Willy Djuvik meiner interne stridar i Flora Høgre skadar omdømet til kommunen.

Frank Willy Djuvik (Frp)

- DETTE ER EI INTERN HØGRE-SAK: Frank Willy Djuvik (Frp).

Foto: Oddleif Løset/NRK

Det handlar om ein strid som starta ved at høgrepolitikar og leiar av helse og sosial-utvalet, Jacob Nødseth, overkøyrde administrasjonen i ei sak om tilbodet til ein funksjonshemma gut.

– Salig røre

Djuvik meiner striden er ei intern Høgre-sak, og dermed ikkje høyrer heime i kommunepolitikken.

– Det som har skjedd er at ei rekkje saker er sausa saman til ei salig røre, både partiomsyn, administrasjon, forvaltning og folkevalde organ blir samla opp i ei sak som eigentleg er ei partisak for Høgre, og som dei får rydde opp i.

(Artikkelen held fram under biletet).

Jakob Nødseth

FÅR OPPFØRSELEN GRANSKA: Jacob Nødseth (H).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Bakgrunnen er at Jacob Nødseth kalla inn til eit ekstramøte i helse- og sosialutvalet i Flora om kommunen sitt behandlingstilbod til ein utviklingshemma gut.

Helse- og sosialutvalet overprøvde administrasjonen, og det har skapt strid. Sjølv om vedtaket i utvalet var samrøystes vart Jacob Nødseth si rolle likevel ei sak i kontrollutvalet i kommunen.

– Bystyresak, seier ordføraren

I dag skal bystyret i Flora avgjere om helse- og sosialutvalet sitt vedtak står ved lag eller ikkje. Men politikarane har også fått tilsendt eit notat om Jakob Nødseth sin oppførsel. Det har fått Djuvik til å lure på kva dei eigentleg skal vedta.

Ordførar i Flora, Bengt Solheim-Olsen (H), vil ikkje vere med på at det er ei intern Høgresak som no pregar den politiske debatten i kystbyen.

– Nødseth er leiar i helse- og sosialutvalet, kontrollutvalet har sendt brev om at bystyret må behandle ei sak om framtidig måte å oppføre seg på for leiaren i helse- og sosialutvalet, så det er utan tvil ei bystyresak og langt ifrå ei Høgre-sak.

(Artikkelen held fram under biletet).

Bengt Solheim Olsen

- BYSTYRESAK: Ordførar Bengt Solheim-Olsen (H).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Skal ha truga tilsette

Saka politikarane skal ta stilling til, og som er unnateke offentlegheit, er altså om helse og sosialutvalet kunne overprøve adminstrasjonen i saka om tenestetilbod til den utvilklingshemma guten. Slik tolkar også Nødseth saklista.

I notatet om Nødseth går det fram at han har truga tilsette i administrasjonen med å gå til media om dei ikkje gjorde som han ville. Eit notat med Jacob Nødseth sin versjon skal ikkje vere distribuert på same måte. Sjølv seier høgrepolitikaren at han ikkje har truga nokon.

Frank Willy Djuvik torer ikkje tru på det, men han håpar på ro rundt kommunen.

– Eg håpar verkeleg det. For omdømet til Flora kommune er det utruleg viktig at dette blir rydda opp i på ein skikkeleg måte.