Meiner Elkem driv streikebryteri

Ved Elkem Bremanger har nye folk overteke reinhaldsjobben medan medarbeidarane i BB Servicesystem er i streik.

Elkem Bremanger

USAMDE OM STREIK: Svelgen Kjemiske Arbeiderforening meiner Elkem Bremanger driv angrep på streikeretten, ettersom dei har henta inn nye folk til å ta seg av vaskinga under streiken.

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Eit angrep på streikeretten, seier tillitsvald Knut Sande i Svelgen Kjemiske Arbeiderforening til Firdaposten.

- Eit spørsmål om moral

Medan reinhaldarane i BB Servicesystem er i streik, har Elkem Bremanger skaffa nye folk til å ta seg av vaskinga.

- Eg støttar reinhaldarane fullt ut. Elkem utnyttar eit smutthol i regelverket for arbeidslivet og undergrev streikevåpenet som arbeidsfolk har. Dette er eit spørsmål om moral, seier Sande.

Over 1500 tekne ut i streik

Han er solidarisk til det streikande reinhaldspersonalet i BB Servicesystem. Dei er organiserte i Norsk Arbeidsmandsforbund, som ikkje har komme til semje med NHO-service i meklinga i årets lønsoppgjer.

Forbundet gjekk ut i streik torsdag 20. mai. Første streikeuttak omfatta 1510 reinhaldarar.

HMS-sjef Leo Cirotzki i Elkem Bremanger viser overfor Firdaposten til at samfunnskontakten i Elkem sentralt skal uttale seg om saka.