Meiner brannen kan skuldast sjølvantenning

Politiet meiner brannen ved Sande Kro i Gaular tidlegare denne veka kan skuldast sjølvantenning.

Sande Kro og Hotell

LEITAR ETTER BRANNÅRSAK: Politiet trur ikkje brannen ved Sande Kro i Gaular skuldast elektriske feil.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Tysdag var vi på synfaring på brannstaden. Etter det er vi ganske sikre på at brannen ikkje skuldast noko med det elektriske anlegget, seier Bjarne Brudevoll, som har ansvaret for etterforskinga.

Meldinga om brannen kom klokka 23.45 måndag kveld. Ingen personar kom til skade, men bygget og ein nærliggande brakkerigg vart evakuert.

Brannvesenet frå Gaular var raskt på staden og i løpet av nokre minutt fekk dei kontroll på brannen. Brannen fekk dermed ikkje spreie seg frå kjellaretasjen. Det har vore ein del varme, men brannen har i hovudsak ført til sotskadar.

– Vi er usikre på om vi kan finne ei årsak, men det har vore utført målarbeid i kjellaren der brannen starta, og ein av teoriane vi jobbar ut frå er det kan vere snakk om sjølvantenning, seier Brudevoll.

– Korleis etterforskar de saka framover no?

– Vi må gå gjennom det som vi har funne i samband med åstadsundersøkinga, og så må vi avhøyre dei som oppdaga brannen, og målarfirmaet som jobba på staden, seier Brudevoll.