Hopp til innhold

Mattilsynet tek sjølvkritikk

Informasjonen til forbrukarane i samband med E.coli-smitten har vore for dårleg. Dette tek avdelingsdirektør i Mattilsynet, Kristina Landsverk, sjølvkritikk på.

Kristina Landsverk
Foto: Cornelius Poppe / Scanpix

Ho seier at tilsynet også kunne hatt ein betre beredskap i slike saker.

- Det ligg heilt sikkert forbetringspotensiale i måten vi jobbar på og organiserer beredskapsarbeidet.

Kritikk frå alle kantar

Kristina Landsverk og resten av staben i Mattilsynet som har arbeidd med E.coli-saka har hatt tøffe veker. Dei har opplevd kritikk frå omlag alle kantar. Forbrukarane har klaga på for lite informasjon, det same har politikarane gjort . Og næringa sjølv meiner mattilsynet med sin opptreden i media, har kriminalisert dei Gilde-tilsette.

Landsverk var torsdag i Sogndal for å evaluere jobben som Mattilsynet i Sogn har gjort.  Kontoret har hatt nok å hengre fingrane i etter at det vart funne E.coli-smitte i sognemorr og fjellmorr som er laga ved Terina i Sogndal. Men korleis ho sjølv vil bli evaluert har ho enno ikkje tenkt på. 

- Det har eg ikkje tenkt så mykje på.  

- Har du gjort jobben din godt nok?

- Det får andre evaluere, det skal ikkje eg sitje her å gjere. Dette vil vi heilt sikkert kome tilbake til i den interne evauleringa vi skal gjere sjølve, og i den som kjem frå departementa. Vi vil heilt sikkert kunne peike ut område vi kan verte betre på. Vi er glad for å verte evaulerte etter ei så stor sak som dette, seier Landsverk. 

Sjølvkritikk på informasjon

- Trur du det er folk som må gå frå jobbane sine i Mattilsynet etter denne prosessen?  

- Det ønskjer eg ikkje å uttale meg om. Det må dei som evaulerer vurdere.

- Du seier det vil verte peika på område med forbetringspotensiale. Kva område snakkar vi om då? 

- Informasjon til publikum er heilt sikkert eit område vi kan verte betre på, sjølv om det er vansekeleg å kommunisere eit bodskap der vi handlar på mistanke.

Imponert av Sogndal-kontoret

Kristina Landsverk meiner dette er den største matsmittesaka i Norge i moderne tid. 15 born har blitt sjuke og eitt har døydd av E.coli-bakterien. Med eit slikt omfang blir presset stort på Mattilsynet, seier Landsverk.  

Om presset har vore stort på Mattilsynet sine folk i Oslo, så har det ikkje vore spesielt mindre for dei tilsette ved distriktskontoret i Sogndal. Kristina Landsverk meiner det vesle kontoret har gjort ein strålande jobb

- Vi er imponert over måten dei har takla krisen på. Dei har klart å takle saka på ein god måte, i tillegg til at dei har klart å oppretthalde drifta på ein del andre område. Det er eg veldig imponert over.

- Lærdom for resten av livet

Merete Lunde er distriktssjef ved kontoret i Sogndal. Tilbakemeldingane frå avdelingsdirektør Landsverk er ho sjølvsagt nøgd med.

- Det har vore krevjande, men vi har lært veldig mykje. Dette er noko eg vil ta med meg resten av livet.