Hopp til innhold

Mattilsynet provoserer dyrevernarar

Leiar av Dyrevernlaget i Indre Sogn, Randi Aarethun, er rasande over Mattilsynet si oppmodinga om å ta livet av kattar.

Katten som vart redda ut frå Gudvangatunnelen

INGEN RETTAR: Mattilsynet oppmodar dyreeigarar om å ta livet av kattar dei ikkje kan ta hand om. - Det er feil råd å gje, rasar leiar av Dyrevernlaget i Indre Sogn, Randi Aarethun.

Foto: Privat

NRK fortalde i dag at reglane er svært klare på korleis ein privatperson kan ta livet av kjæledyret sitt på ein lovleg måte.

Mattilsynet oppmoda folk til å ta livet av uønska kattar framfor å dumpe dei i skogen. Det provoserte Randi Aarethun, leiar av Dyrevernlaget i Indre Sogn.

– Korleis kan katten få status i dette landet, så lenge Mattilsynet, som det einaste organet som skal ta i vare dyr sin rettstryggleik, går ut og seier det er greitt å drepe, rasar ho.

– Gå til dyrlege

Kvar sommar høyrer ein historier om kattar som er sett ut for å døy. I førre veke fann dyrevernarar i Troms ein katteflokk som var stengde inne i ein kasse i Alta.

Også i Sogn og Fjordane har ein sett fleire døme dei siste åra på kattar som er sette av inne i tunnelar for å bli køyrde ihjel.

Seniorinspektør Terje Ramstad meiner dyreeigarar heller bør syte for avliving.

Ein skal ikkje settje dei ut i naturen, for det kan bli seigpining. Vårt råd er å gå til dyrlegen. Det er enkelt og trygt, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Ta heller livet av kattar enn å setje dei i skogen.

SJÅ: Ta heller livet av kattar enn å setje dei fri.

– Må prioritere dyra

Tidlegare i veka høyrde ein i NRK Dagsnytt at ei mogleg forklaring på at kattar blir sett ut for å døy, er at det er relativt dyrt å få ein veterinær til å avlive ein katt.

– Folk brukar pengar på så mykje i dag, så eg trur det er ei prioriteringssak. At ein steller godt med dyra er noko ein må prioritere, seier Ramstad til.

– Gi dei rette råda

Randi Aarethun

OPPGITT: Randi Aarethun.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Men Aarethun meiner Mattilsynet heller bør gi andre råd enn korleis katteeigarane kan kvitte seg med uønskte dyr.

– Dei må gå ut og drive førebyggjande arbeid, som vi har gjort i mange år. Sterilisering og kastrering er einaste måten vi kan hindre at det blir fødde fleire kattar i dette landet, seier Aarethun.

Tek på seg ansvar

Aarethun rettar ikkje berre skytsen mot Mattilsynet. Ho meiner også at dyreeigarar bør vere sitt ansvar bevisst.

Har ein først sagt A, så får ein seie B.

– Når nokon tek på seg ansvaret for ein katt, så veit han også at ein katt kan leve i 20 år, og kanskje lenger. Dersom folk ikkje har pengar å bruke på sitt dyr, om det er avliving, medisin eller mat, så får dei heller finne seg noko anna å gjere enn å ta til seg dyr, rasar ho.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Tunnelkatt vert huskatt

SJP: Katten Jarlaug vart i november i fjor rikskjendis då ho forvilla seg inn i Gudvangatunnelen.

Kvir seg

Ein av dei som har fått oppleve følgjene av at dyreeigarar ikkje tek ansvar for dyra sine, er bonde Arne Mo i Gaular.

I fjor vinter kom ein villkatt i 20 minusgrader tuslande inn på garden. Mo tykte synd i katten og gav den mat. Eitt år seinare er katten blitt til tre kattar.

– Eg burde vel ta livet av dei, men det er ikkje akkurat så kjekt å slå kattar ihjel, seier han.

Video Katter forlates i ferien

SJÅ: Forlet kattane i ferien.