Hopp til innhold

I 2010 vart bøen landingsstripe for eit seglfly «i naud» - i dag kom det same flyet tilbake

Etter å ha sirkla ein time over Vik på leit etter oppdrift måtte Rune Hovda (45) til slutt gje opp. Dermed gjekk han inn for ei kontrollert nødlanding – på same bøen der den tidlegare eigaren hadde gjort det same i 2010.

Etter å ha sirkla ein time over Vik på leit etter oppdrift måtte Rune Hovda (45) til slutt gje opp. Dermed gjekk han inn for ei kontrollert nødlanding – på same bøen der den tidlegare eigaren hadde gjort det same i 2010.

MANGLA OPPDRIFT: Rune Hovda fortel om ei heilt udramatisk landing på bøen i Vik. For folk kunne det dermed sjå ut som noko meir dramatisk. FOTO: Noralv Pedersen.

– Landinga gjekk føre seg heilt problemfritt, fortel seglflygaren frå Bergen til NRK.no tysdag kveld.

Han har nettopp skapt litt oppstuss i den vesle bygda ved Sognefjorden.

For like over klokka 20 fekk politiet melding frå Vik om at eit seglfly hadde styrta på ein bø ved Brekka opp mot Vikafjellet.

Mangla oppdrift

Men det viste seg altså å vere langt mindre dramatisk. Rune Hovda har floge seglfly sidan 2000, og har etter kvart blitt ein svært så erfaren flygar.

Men uansett kor erfaren ein er, så må ein spele på lag med vêrgudane. Det var ikkje tilfelle då Hovda i dag skulle heim att.

– Eg flaug frå Os i dag klokka 13, og har vore til Skjolden. Då eg skulle tilbake til Os kryssa eg over frå Hermansverk, men då eg kom hit til Vik var det ikkje meir oppdrift.

– Eg vart liggande over her ein time og leitte etter oppdrift i dalen, men eg fekk ikkje nok høgde til å krysse over fjellet til Voss, fortel Hovda til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rune Hovda landa på bøen til bonde Jon Arne Kvåle og dottera Sigrid Kvåle på Brekka i Vik

EINASTE «LANDINGSSTRIPA» I VIK: Bonde Jon Arne Kvåle fortel at det er litt artig at det same flyet igjen måtte gå inn for ei kontrollert nødlanding på bøen hans. Her saman med flygar Rune Hovda og dottera Sigrid Kvåle.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Naudlanding også i 2010

Dermed måtte han gå inn for ei kontrollert nødlanding. Det fann stad på bøen til bonde Jon Arne Kvåle. Og for han var det ikkje heilt nytt.

I 2010 var det same flyet nemleg ute i liknande ærend, den gong var det den tidlegare eigaren som måtte gjere ei kontrollert nødlanding på garden.

Kvåle sjølv synest dette var litt morosamt, og seier den naturlege forklaringa er at bøen hans er ganske brei og at det ikkje er linjer som hindrar eit fly frå å ta seg trygt ned.

– Litt spent

Hovda sjølv seier landinga gjekk heilt etter prosedyrane for slike landingar.

– Dette er noko vi trenar på heile tida. Noko av det første eg lærte meg var å lande utanfor flyplassen, og eg har gjort ca. 20 slike utelandingar dei åra eg har drive med dette, seier han.

– Eg var sjølvsagt litt spent, sidan eg ikkje har landa akkurat på denne marka sjølv, vedgår han likevel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flygaren i dette segflyet måtte gjere ei kontrollert nødlanding på ein bø i Vik

EINASTE AV SITT SLAG: Seglflyet, ein einsetar ASB18 med 18 meter vengespenn, er det einaste av sitt slag i Norge, fortel Hovda.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Garantert ikkje siste turen

Flyet har ikkje fått noko form for skader i landinga, men det blir ikkje aktuelt å flyge heim no. I staden kjem den andre medeigaren av flyet med bil og hengar frå Os.

– Vi demonterer vengene på flyet, så hentar han meg heim, seier Hovda til NRK.no.

Turen hans til Sogn med seglflyet var den sjette i år, og sjølv om den ikkje gjekk akkurat som planlagt blir det ikkje den siste.

– Det blir det garantert ikkje, gliser den røynde flygaren.

Seglfly skal ha styrta ved Brekka i Vik

STYRT: Politiet fekk like over klokka 20 tysdag kveld melding om at eit seglfly hadde styrta ved Brekka i Vik.