Hopp til innhold

Her lenar jentene seg ut over rådhustaket, ti-tolv meter over bakken

To jenter kom seg onsdag kveld opp på taket på Førde rådhus, der dei dansa rundt og kasta ølboksar ned på bakken.

Dansa på rådhustaket

SPRANG RUNDT: Fleire forbipasserande såg jentene springe rundt på rådhustaket i Førde onsdag kveld.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Vi fekk melding om at det var ungdommar på taket av Førde rådhus, og sende ei patrulje til staden, stadfestar operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Synnøve Domben.

Jentene sprang rundt på rådhustaket, på bygget som er fire etasjar høgt.

Fekk beskjed om å komme seg ned

Domben stadfestar at jentene må ha komme seg opp på taket via utsida av bygget. Jentene fekk beskjed om å komme seg ned snarast.

– Dei fekk munnleg pålegg frå politiet om å fjerne seg frå bygninga, seier Domben.

Politiet ser alvorleg på hendinga, og frårår på det sterkaste at folk tek seg opp på rådhustaket.

– Dette er farleg, og det er slett ikkje lov. Det er rimeleg langt ned, seier Domben.

Er å utfordre skjebnen

Rådmann i Førde, Ole John Østenstad, var i rådhuset då episoden skjedde, og han likar det dårleg.

– Dette er utruleg tåpeleg, og det er å utfordre skjebnen, seier Østenstad.

Han anslår det til å vere ti-12 meter ned til bakken.

– Vi ønskjer ikkje at folk skal vere på rådhustaket, seier Østenstad, og legg til at jentene må ha gjort ein skikkeleg innsats for å komme seg opp dit.

– Men vi må vurdere situasjonen fortløpande, og vurdere om vi skal gjere noko. Men det er vanskeleg å gardere seg mot slikt. Folk må ta ansvar sjølve, seier Østenstad.