Hopp til innhold

Overvurderte sin fysiske form - måtte hentast av helikopter etter fjelltur

Redningshelikopteret frå 330-skvadronen måtte hente ned ein mann som hadde overvurdert sin fysiske form då han la ut på fjellturen Via Ferrata i Loen.

Created by InfoDispatcher

TRYGT NEDE: Redningshelikopteret etter endt oppdrag i Loen. Foto/redigering: Roger Vik

– Vi har fått melding om ein kar som sit oppe i fjellet og er så sliten at han korkje kjem opp eller ned, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjetil Drange.

330-skvadronen sitt redningshelikopter er sendt frå basen i Florø for å hente mannen ned att.

– Mannen er sliten, og skal ikkje ha komme til skade på noko vis, seier Drange.

Via Ferrata er ein klatresti frå Loen opp til fjellet Hoven bak Hotel Alexandra. Stien er spektakulær og er blitt svært populær blant turgåarar.

Henta ned turist
Foto: Roger Vik / NRK