Hopp til innhold

Skituren endte med bergingsaksjon

Søskenparet frå Sunnfjord var på skitur til fjellet Rørvikenipa i Askvoll då det gjekk gale. Men hjelpa kom kjapt.

Søskenparet var på fjelltur i Sunnfjord, då den eine slo seg stygt på telemarkski.

SJÅ VIDEO: Bror til den skadde kvinna tok opp mobilen då redningshelikopteret kom for å hjelpe dei søndag. Foto: Privat

– I ein bratt bakke sklei søstera (26) på telemarksski. Ho trefte ein stein og heldt fram eit stykke lenger ned før ho stoppa. Vi skjønte raskt at vi trengde hjelp, fortel bror til kvinna.

Søskenparet hadde lagt ut på søndagstur frå Rørvika i Askvoll kommune, om lag tre mil vest for Førde. Men turen gjekk på langt nær som planlagt.

– Vi fekk melding om at ei jente hadde falle og skadd seg i eit bein på fjellet. Ho klarte ikkje å ta seg ned ved eiga hjelp, og då sende vi ut redningshelikopter frå basen i Florø, opplyste vakthavande ved Hovedredningssentralen på Sola, Johan Mannsåker, til NRK.no søndag ettermiddag.

Hovudredningssentralen fekk melding om hendinga klokka 13.36.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Redningshelikopter ved Blegja

VART VINSJA OPP: Her vert jenta heist opp i helikopteret.

Foto: NRK-tipsar

– Vi ringde, og då kom hjelpa raskt, fortel bror (23) til den skadde skiløparen.

Sunnfjordingen som ikkje ønskjer å stå fram med namn, tok opp mobiltelefonen og filma då søstera fekk hjelp av redningshelikopteret frå 330 Skvadron i Florø.

Svært krevjande terreng

Rørvikenipa ligg like under fjelltoppen Blegja (1304 m.o.h) i Askvoll kommune.

– Terrenget var krevjande og det var ganske bratt i området. Men det gjekk heilt greitt å få heist henne opp i helikopteret. Jenta skal ha hatt smerter i hofta, men utover det, kjenner eg ikkje til kor skadd ho er, seier Mannsåker.

Den 26 år gamla kvinna kom til Førde sentralsjukehus klokka 14.44.

AMK-sentralen i Helse Førde opplyser klokka 16.10 at det er snakk om lettare skade og at jenta får behandling ved legevakta.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Oversiktsbilete

I SNØKANTEN: Jenta vart redda like over der snøen byrjar. Over skodda ligg toppen Blegja.

Foto: NRK-tipsar

Takkar mannskapet

– No er vi på Førde sentralsjukehus. Ho er forslått, men det går fint, fortel bror til kvinna til NRK.no litt før klokka 17.

Søskenparet ønskjer å rette ei takk til mannskapet om bord i redningshelikopteret som fekk dei ned frå fjellet.

– Bra jobba! Det er godt å sjå at dei gamle Sea King-maskinene framleis gjer jobben, seier bror og turkamerat til den skadde kvinna.