NRK Meny
Normal

Måtte bruke andre tungbilar for å hjelpe buss

Bilferja «Sogn» er ikkje eigna for å trafikkere Mannheller-Fodnes, meiner lastebilsjåfør Øyvind Listou.

Bilferga Sogn på Moldefjorden

SKAPER PROBLEM: Bussar har problem med å køyre på og av bilferja «Sogn» på fjøre sjø.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Han reagerer på at regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1 seier at ferja stettar alle krav i anbodspapira for ferjestrekninga.

Det var Sogn avis som torsdag fortalde at bussar har problem med å køyre på og av ferja på fjøre sjø. Morten Lægreid, som er sjåfør på sjukehusbussen, stadfestar at bussen enkelte dagar ikkje har kunna køyre om bord.

Ein omfattande operasjon ...

Kristoffersen seier til avisa at dei små episodane med sjukehusbussen er noko ein berre må leve med.

Øyvind Listou har fleire gonger vore vitne til at bussar har problem på ferja. Den eine gongen måtte han sjølv hjelpe til for at sjukehusbussen kunne køyre i land på Mannheller.

Øyvind Listou

MÅTTE HJELPE: Tyngda på lastebilen til Øyvind Listou var med på å hjelpe sjukehusbussen av ferja.

Foto: privat

– Då bussen skulle i land sette han støytfangaren fast i påkøyringsrampen, og han kom ikkje seg opp. Då måtte eg rygge min bil heilt i akterenden saman med ein annan lastebil.

I tillegg vart eit vogntog dirigert om bord og til akterenden, slik at dei tre tungbilane til saman fekk heva framparten. Likevel måtte ferjemannskapet legge plankar under hjula på bussen før han kunne køyre i land.

Snart kjem turistbussane

Øyvind Listou synest det er rart at ikkje bussane kan løfte akslingen sin slik han sjølv kan gjere på lastebilen sin. Men uansett meiner han at det ikkje kan vere slik at bussane berre kan ta ferja på flo sjø.

– Og no har vi snart turistsesongen med svært mange bussar som skal til Sogn. Då kan det fort bli store problem dersom denne ferja skal trafikkere Mannheller-Fodnes.

Akkurat no er «Sogn» på verkstad, og det er «Sognefjord» som går på strekninga saman med «Lifjord».

Ikkje aktuelt å flytte ferja

Regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen, meiner mannskapet handterte situasjonen Listou skildrar, på ein god og kreativ måte. Han seier slike utfordringar er ei kjend problemstilling frå andre ferjer og ferjesamband.

Men det har ikkje skjedd på dei andre ferjene på sambandet.

– Nei, og det kan vere at dei ferjene er litt annleis enn dei andre ferjene som går der. Vi vil alltid komme bort i situasjonar der vi har anten høg flo eller låg fjøre sjø som gjer at vi kan få desse situasjonane. Det kan vi få på Sogn og det kan vi få på moderne ferjer. Så det må vi rekne med og vi må handtere situasjonane dei få gongen dei oppstår.

Kristoffersen meiner ferja «Sogn» er god nok, og seier det ikkje er aktuelt å skifte den ut.

– Nei, for då vil vi flytte den til eit anna samband som vil få tilsvarande problem, så det løyser ikkje noko problem i totaliteten.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote