Hopp til innhold

Mario sikra Aurland bokse-gull

Mario Midje Baltov vann i helga 69-klassen under Skarnes Cup i boksing.

Mario Midje Baltov frå Aurland bokseklubb

Aurland bokseklubb har fått fram eit nytt boksetalent i Mario Midje Baltov.

Foto: Privat

Stemnet vert rekna som det største i Norge, etter NM.

- Eg hadde håp om medalje, men at det skulle bli gull hadde hadde eg aldri venta, seier 19-åringen.

- Fekk ikkje juling

Mario Midje Baltov hadde berre gått ein kamp før han gjekk i ringen i turneringa, men viste ingen respekt for motstandarane. Den første kampen vart stogga etter at motstandaren tok si tredje ståande telling. Gullet vart sikra i finalen mot engelske Panagiotis Koumorous.

- Eg fekk 13 reine treff og han slo fem reine treff. Han slo hardt og eg kjende treffa hans, men det var ikkje direkte juling, seier han.

- Fekk ut potensialet

Trenar i Aurland bokseklubb Dag Roar Tangen er imponert over eleven.

- Han presterte veldig bra og fekk ut eit potensiale som han har hatt lenge. Med tanke på at han berre hadde ein kamp i startboka, så gjekk det bra, seier Tangen.

Har gode folk

Baltov gjev sølv-vinnaren i NM førre helg, Gjermund Tokvam, trenarane og miljøet i klubben æra for suksessen i helga.

- Det er vitalt. Utan gode folk kring deg på treninga, så er det klart at det gjer oppgåva håplaus, seier han.