Hopp til innhold

Mot Sandnes Ulf scora han - mot Viking var stolpen i vegen

Tim André Nilsen fekk sjansen til å gje Sogndal tre poeng etter 33 minutts spel mot Viking. Han fekk godt treff, men skotet enda i stolpen.

Tim André Nilsen nærast mål for Sogndal

NÆR VED Å AVGJERE: Tim Andrè Nilsen sette ballen i stolpen 12 minutt før slutt. Foto: Steinar Lote, NRK.

Dermed enda oppgjeret i bortimot 30 graders varme mållaust. Litt ergerleg, seier Nilsen, som kom inn som innbytar for Mahatma Otoo. Mot Sandnes Ulf den 25. mai vart han tunga på vektskåla, då han gav Sogndal 1-0 på overtid.

Men denne gongen var marginane på feil side.

– Eg trefte greitt, men stolpen stod i vegen for tre poeng. Men eg er bra nøgd med eigen innsats, og eg håpar det eg viste gjer at eg kan få spele frå start i neste kamp.

Rune Bolseth skuffa etter 0-0

FORTVILAR: Rune Bolseth er oppgitt over ei avslutning som ikkje resulterte i mål.

Bolseth-heading

Og det hadde ikkje vore urettvist om Sogndal hadde sikra seg alle poenga, sjølv om eit varsamt Viking-lag ikkje gav dei særleg mange sjansar. I første omgang hadde Mahatma Otoo to bra sjansar, den første etter 14 minutt burde han ha plassert betre enn midt på Viking-keeper Arild Østbø.

I andre omgang hadde kaptein Rune Bolseth ei heading som gjekk utanfor frå bra hald.

– Det er vel ikkje mi sterke side å score med hovudet. eg er meir irritert over eit skot eg hadde mot slutten av kampen. Hadde eg treft bra der hadde ballen gått inn.

Mathias Dyngeland

SOLID SISTESKANSE: Unge Mathias Dyngeland gjorde to flotte redningar. Her får han ros av kaptein Rune Bolseth.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Gode Dyngeland-redningar

På den andre sida hadde Viking eit par-tre gode sjansar. I første omgang tok Mathias Dyngeland seg av to gode langskot, og på overtid skapte Viking tilløp til panikk i Sogndal-forsvaret.

Det var tungt å spele i den sterke varmen, og det var lagt inn ein drikkepause i kvar omgang. Men Sogndal-trenar Jonas Olsson sette inn berre ein av dei tre innbytarane han kunne ha brukt.

– Dei stod kampen bra dei som var utpå, og vi byter ikkje berre for å byte.

Olsson er berre sånn passe nøgd med eitt poeng.

– Vi skal helst ta tre poeng i heimekampane. Men det var to lag som forsvarte seg bra. Vi får ta med oss at vi er stabile defensivt.

Created by InfoDispatcher

IKKJE NØGD: Sogndal-trenar Jonas Olsson vil helst ha tre poeng heime.