Hopp til innhold

Mardal til EM-finalen

Thomas Mardal frå Gloppen sette personleg rekord og krinsrekord i slegge under U23 EM i friidrett i Polen i dag. Med eit kast på 68,34 meter gjekk han rett til finalen, som går fredag kveld. – Det er ein sterk prestasjon av Mardal i denne meisterskapen. Å sette personleg rekord i internasjonalt meisterskap viser at han er i ferd med å etablere seg som ein god og erfaren mesterskapsutøvar og det blir spennande å sjå finalane fredag, seier Narve Heggheim i Sogn og Fjordane friidrettskrins. Evald Osnes Devik, også han frå Gloppen FIL, kom på ein 15.-plass med 59,97 meter og fekk dermed ikkje finaleplass.

Thomas Mardal
Foto: THORE-ERIK THORESEN