Marco Reda forlet Sogndal

Den canadiske landslagsstopparen Marco Reda er ferdig i Sogndal Fotball når denne sesongen er slutt.

Marco Reda
Foto: Tor Yttri

Sogndal Fotball og Reda er blitt samde om å avslutte samarbeidet ved sesongslutt. Slik formulerer Sogndal Fotball seg på si heimeside.

Ikkje like trygg i år

Marco Reda var ein svært viktig spelar for Sogndal i 2004-sesongen. Då drog han til dansk fotball, men kom tilbake denne sesongen. I år har han langt frå vore så trygg som midtstoppar, og han har i fleire kampar fått skulda for baklengsmål.

Til amerikansk klubb?

Sogndal Fotball skriv at Reda ynskjer seg nye utfordringar, og at han er i samtale med ein ny klubb i den amerikanske ligaen.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.