Vart fanga, køyrd til ei hytte, bunden på ein stol og torturert i eit døgn

To menn er i Sogn tingrett tiltalte for å ha kidnappa og torturert ein mann frå Møre og Romsdal.

Mishandlinga skal ha skjedd på ei hytte i Indre Sogn i juni 2010.

Ein 42-åring frå Møre og Romsdal vart tvinga med makt inn ein bil i Årdal og køyrd av garde til ei hytte langt inne i Indre Sogn. Her vart han halden fanga i over eitt døgn, bunden fast i ein stol og grovt mishandla.

Gjentekne gongar vart 42-åringen slegen og sparka i hovudet og på kroppen. Han fekk ifølgje tiltalen omfattande kuttskadar.

Den grovaste valden vart utført med slagvåpen mot knea til mannen. Han skal ha hatt problem med å gå i seks månader etter det som skjedde.

Kidnappinga og torturen skal ha vore eit oppgjer i narkotikamiljøet.

Statsadvokaten skriv i tiltalen at valden var mishandling mot ein forsvarslaus person. To menn frå Hedmark er tiltalte for å stå bak kidnappinga og mishandlinga.

Den eine av dei to er i tillegg tiltalt for oppbevaring og bruk av amfetamin. Saka skal opp i Sogn tingrett 12. oktober.