Hopp til innhold

Mann tiltalt for vald, trugsmål og narkotika

Truga far og sjukepleiarar, slest med politiet, brukte narkotika og oppbevarte skytevåpen.

Ein mann frå Nordfjord er tiltalt for ei rekke brotsverk mellom oktober 2015 og august 2016.

Mellom anna er mannen tiltalt for å ha drapstruga far sin fleire gongar, over internett, direkte og med tekstmeldingar.

I tillegg har han truga to sjukepleiarar ved to ulike høve då dei ikkje gav han medisinar han ønskte.

I april i år brukte mannen dei narkotiske stoffa amfetamin og cannabis, og i tillegg er han tiltalt for å ha oppbevart to luftgevær i heimen, utan å ha løyve til det.

Han er òg tiltalt for at han i sommar slo ein mann i ansiktet.

Etterfølgande dag kom han i handgemeng med politiet då han prøvde å hindre at han vart arrestert.

Det er sett av tre dagar til saka i Fjordane tingrett.