Hopp til innhold

Mann til sjukehus etter arbeidsulukke

Ein mann er frakta med luftambulanse til Lærdal sjukehus etter ei arbeidsulukke.

Redningsaksjon i Lærdal

TIL SJUKEHUS: Ein person er frakta ned frå Glipsfjellet i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving

Ulukka skjedde på Glipsfjellet i Lærdal. Luftambulanse blei sendt til staden og ei gruppe frå Røde Kors var klare for aksjon.

– Han hadde kuttskadar og blødde kraftig. Utover det kjenner ikkje politiet til skadeomfanget, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet opplyste først at ulukka skjedde ved Bliksdalen i Lærdal. Gulliksen seier dårlege mobilforhold gjorde det vanskeleg å dirigere helikopteret til rett stad.

– Posisjonen vi fekk først viste seg å vere feil. Vi dirigerte mannskapet nordaust for Lærdal i staden for der han blei funnen.

Kan du seie noko om kva som har skjedd?

– Politiet kjenner ikkje til årsaka til ulukka, seier han.

Ved Hovudredningssentralen på Sola får NRK opplyst at det er eit firma som jobbar i området og at ein arbeidar har kome til skade.

Glipsstølen ligg omtrent bak der fossen kjem ned

SKADD: Glipsstølen ligg omtrent bak der fossen kjem ned.

Foto: Jan Christian Jerving
Erdal i Lærdal