NRK Meny
Normal

Mann til legevakt etter overfall

Mannen i 20-åra blei angripen i Florø natt til sundag.

politi

BRÅK I FLORØ: Politiet rykka ut til fleire hendingar i Florø i natt. Elles var det roleg i fylket, ifølgje politiet.

Foto: LIEN, KYRRE / SCANPIX

Mannen skal ha blitt slått og sparka då han gjekk gjennom Florø sentrum natt til sundag.

– Han tok sjøl kontakt med politiet og har forklara at han blei angripen av ein ukjent gjerningsperson, seier Wenche Hope ved politiets operasjonssentral.

Mannen oppsøkte legevakt, lettare skadd. Saka blir meldt til politiet og fylgt opp over helga.

I Florø måtte også politiet rykke ut etter husbråk i sentrum. Ei kvinne i 30-åra blei vist vekk frå staden. Også ein mann i slutten av tenåra blei vist vekk frå Florø sentrum etter krangling ved ein bensinstasjon.

I Årdal blei ein mann i 40-åra køyrd heim av politiet etter bråk på ein utestad i Øvre Årdal.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.