Hopp til innhold

Mann stal medisinar i Vik

Då politiet oppsøkte ein mann i 40-åra etter innbrot på Vik bygde- og sjukeheim, fann dei stolen medisin.

politi illustrasjon
Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Kring klokka 03:35 fekk politiet melding om innbrot på Vik bygde- og sjukeheim. Nokre medisinar var stolne, og innbrotstjuven hadde brote opp ei dør for å kome seg inn i bygget. Politiet oppsøkte ein mann i 40-åra som vedgjekk lovbrotet, og det var også funne medikament som var stole frå sjukeheimen.

– Det er uklart kva medisinar han har teke og kor mykje. Han fekk reise heim eter at politiet var ferdig å snakke med han, fortel vakthavande ved politiet sin operasjonssentral.

Ein rusa mann i Førde vart teken med til arresten tidlegare på natta, då han nekta å fortelje kven han var til politiet. Politiet dempa også ein fest som heldt på i Florø, etter klager på høg musikk.

To bilførarar var også for harde på gasspedalen i løpet av natta. Like før midnatt stogga politiet ein førar etter gjennomsnittsmåling på E39 i Noreviktunnelen. Føraren fekk forenkla førelegg eter å ha køyrt i 112 km/t i 80-sona. På E39 ved Svidal i Jølster fekk ein anna bilførar seinare på natta forenkla førelegg for å ha køyrt i 100 km/t i 80-sona.