Mannen er send med luftambulanse til sjukehus. Han skal vere forkommen, men ikkje livstrugande skadd.
Politiet veit ikkje sikkert korleis mannen hamna ved elva. Men ut frå skadane mannen har fått, tviler dei på at han har falle ned dei 8-9 metrane frå brua.
Foto Arve Ullebø
Berga med kran
Politi, ambulanse og lege har vore på plassen og det vart brukt kran for å redde mannen opp, fortel politibetjent i Høyanger, Kåre Jan Hoffrenning.