Hopp til innhold

Mann skadd i arbeidsulukke i Stryn

Ein mann er frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus etter ei arbeidsulukke ved skisenteret i Stryn.

stryn vinterski

VINTERSKI: Arkivbilete av alpinbakken i Stryn.

Foto: arkiv / NRK

Politi og helse rykte ut då ein person falt ned om lag to meter frå den gamle skiheisen på Stryn skisenter.

– Det var under rutinemessig flytting av t-krokar på heisen at vedkommande har ramla ned om lag ein og einhalv meter, seier dagleg leiar Kåre Tonning.

Vedkommande skal ha vore medviten og snakka med folk som kom til etter ulukka.

– Han hadde veldig vondt i ein arm. Men ambulansen var på plass etter rundt fem minutt og til alt hell var ein luftambulanse i lufta og fekk henta mannen etter berre 10 minutt, seier Tonning.

Mannen vart frakta til sjukehus i Førde. Leiinga ved Stryn skisenter vil kalle inn til personalmøte i kveld for dei tilsette i bakken for å informere om uhellet.

Arbeidstilsynet er rutinemessig varsla.