NRK Meny
Normal

Mann skadd etter fall i lasterom

Ein tilsett på Hydro sitt aluminiumsverk i Høyanger blei i ettermiddag skadd i ei fallulukke.

Aluminiumslasting ved Hydro i Høyanger.

HER SKJEDDE ULUKKA: Biletet syner kaia til Hydro i Høyanger og er tatt i eit anna høve. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Politiet melder at mannen falt mellom ein og to meter om bord i eit skip som ligg til kai på Hydro sitt kaianlegg.

Ifølgje politiet skal mannen ha sklidd og fått skade i venstre arm. Ambulansen kom raskt til staden og politiet var også på veg til Hydro sitt område.

Mannen blir no frakta til Førde sentralsjukehus etter å ha fått behandling på staden av helsepersonell.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.