Hopp til innhold

Mann skadd etter dramatisk bilbrann

Ein mann i 50-åra er alvorleg skadd etter ein dramatisk bilbrann i Stardalen i Jølster. Vitne som kom til såg ein brennande bil og fann ein skadd person i grøfta.

Mann alvorleg skadd etter bilbrann i Jølster

EKSPLODERTE: Ifølgje politiet skal bilen ha eksplodert etter at den byrja brenne.

Foto: NRK-tipsar

Politiet fekk melding om bilbrannen klokka 08.38. Det var då forbipasserande som ringde inn.

– Forbipasserande såg bilen stå i full fyr, og brannvesen, helse og politi rykte ut til staden, fortalde Wenke Hope ved politiets operasjonssentral til NRK.no klokka 09.45.

Bilen, som no er heilt utbrend, skal truleg ha byrja brenne i fart. Dei som kom til fann ein person utanfor bilen.

– Personen var skadd og medvitslaus, og per no har vi ikkje oversikt over kven det er, sa operasjonsleiaren ved politiet til NRK.no klokka 09.40.

Den skadde vart raskt send til sjukehus i Førde med luftambulanse. Det skal vere snakk om ein mann i 50-åra.

Fann mann i grøfta

Knut Skurtveit er lensmann i Jølster og skadestadsleiar. Han seier mannen vart funnen vel 30 meter frå bilen.

– Vitne som kom først til staden såg ein bil som stod brennande i vegbana. Etter ei stund rulla bilen vidare og utfor vegen. Det viste seg då at føraren av bilen hadde kome seg ut og låg i grøfta på oppsida, seier Skurtveit til NRK.no.

Etter at bilen stogga i grøfta skal det skal ha kome fleire eksplosjonar.

– Bilen stogga vel 30 meter frå der føraren låg i grøfta, seier lensmannen.

Han seier det er for tidleg å seie noko om årsaka til ulukka, og at politiet har sikra staden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skadd etter bilbrann i Stardalen i Jølster

BILBRANN: Ein mann er send til sjukehus med alvorlege skader etter ein bilbrann i Stardalen i Jølster.

Foto: NRK-tipsar

Ingen andre køyretøy involvert

Lenge var det usikkert kor vidt det hadde vore fleire personar i bilen eller ikkje.

– Ut frå at ein ikkje veit kven som har køyrt bilen, eller fått opplysningar frå vedkommande, kan vi ikkje vere sikre på dette enno, sa operasjonsleiar Wenke Hope til NRK.no klokka 09.40.

Politiet har no gjort undersøkingar i og ved bilen, og seier klokka 11 at det er ingenting som tyder på at det har vore fleire i bilen.

Det er ifølgje Hope ingenting som tyder på at det har vore ein kollisjon. Ingen andre køyretøy skal ha vore involvert i hendinga.

Hendinga skjedde om lag ein kilometer frå krysset ved Klakegg.