Hopp til innhold

Mann sikta for valdtekt av ekskjærasten og drapsforsøk på faren hennar

Ein mann i 40-åra er sikta for valdtekt av ekskjærasten og drapsforsøk på far hennar. – Han erkjenner ikkje straffskuld, seier forsvararen hans.

Opphavleg sikta for familievald, truslar og kroppsskade, sat mannen 239 dagar i varetekt før han sleppte fri i januar.

Tiltalen vart i fjor haust utvida til også å gjelde valdtekt og drapsforsøk.

Forsvarer Jørgen Riple

FORSVARAR: Jørgen Riple har fungert som forsvarar for den sikta mannen i 40-åra.

Foto: Steinar Apalnes / NRK

– Vi er nøgde med at politiet no har gjennomført etterforskingssteg som han har bede om, og vi tenkjer det er årsaka til at fengslinga ikkje vart forlenga. Slik sett har saka utvikla seg positivt, seier, seier Jørgen Riple, forsvararen for mannen.

Truga med å drepe

Valdsepisoden skjedde ein stad i Sogn og Fjordane i fjor sommar. Mannen var rusa både på alkohol og narkotika då han ifølgje ekskjærasten tok seg inn i bustaden hennar.

Mannen hevdar besøket var avtalt, men vedgår at dei byrja å krangle. Då far til kvinna kom utvikla situasjonen seg. Sikta trua med å drepe, tok kvelartak og heldt far til kvinna under vatn.

Far til kvinna måtte ha legehjelp etter hendinga. Sikta avviser at han meinte å drepe, men har forståing for at far til kvinna kan ha blitt skremd til å tru på truslane.

Han vedgår lekamsskading. Objektivt er det ikkje stor usemje om det som skjedde, men vi meiner politiet tek det for langt, seier Riple.

To valdtekter

Mannen erkjenner heller ikkje straffskuld for to valdtekter av sin tidlegare sambuar. Han erkjenner derimot lekamsskading, lekamskrenking og truslar i saka.

– Han har overfor politiet gjeve ei god og omfattande forklaring på kvifor han ikkje erkjenner straffskuld for valdtekt, seier Riple om valdtektssiktinga.

Retten har likevel funne mistanken så sterkt at dei tre gonger har fengsla han for drapsforsøk og valdtekt.

Endra tiltale

Politiet har fått kritikk frå tingretten for manglande framdrift i saka. Mellom anna ved to tilfelle der det tok det ein månad før han fekk eit avhøyr til gjennomlesing.

Politiet tek sikte på å ferdigstille tiltalen slik at saka kjem opp for rettsleg behandling i vår. Det er uvisst om siktinga på både drapsforsøk og valdtekt blir ståande.

– Det vil overraske meg stort om tiltalen blir likelydande med siktinga, seier Riple.