Ein 27 år gammal tilsett i ein kebabkiosk hevda at han såg no drapsdømde Hassan Samryie Hashin i kiosken, omtrent samstundes med at Karterudseter vart drepen.
- Ikkje andre motiv
Hashin nytta seg aldri av denne forklaringa, korkje i tingretten eller under anken i lagmannsretten. I staden tilstod han drapet på Karterudseter. Forsvararen til 27-åringen, Louis Anda, meiner likevel at dette ikkje treng å bety at klienten hans er ein løgnar.
- Så vidt eg veit er ikkje Hashin spurt konkret om han var ved kebabkiosken. Min klient meiner bestemt at Hashin var der på det tidspunktet og at det han seier ikkje er motivert av andre ting, seier Anda.
Meiner han fekk betalt
I tillegg til jobben i kebabkiosken, arbeidde den tiltalte på dette tidspunktet også på eit vaskeri, der han var kollega med Hassan Samryie Hashin. Politiet har jobba ut frå ein teori om at 26-åringen fekk betalt for å avgje den falske forklaringa, men det vil ikkje politiadvokat Knut Broberg kommentera i dag.
- Eg kan ikkje kommentere dette sidan saka skal inn for retten, seier Broberg.
Større pengebeløp
Etterforskinga har avdekka at fleire større pengebeløp gjekk inn på kontoen til 27-åringen i denne perioden. Men Anda hevdar klienten hans ikkje har motteke pengar frå Hashin, og at det kan bevisast.
- Han har i avhøyr gjort grundig greie for kvar desse pengane stammar frå, seier Anda.