Vaktsjef ved Florø politistasjon, Stig Inge Hauge, seier leiteforholda i går var svært vanskelege på grunn av dårleg ver i området.
Båten, som vart ført av eit ektepar frå Austlandet, var på veg sørover frå Tromsø til Oslo då uhellet skjedde. Bommen trefte mannen i hovudet, og han gjekk overbord. Florø radio blei varsla klokka kvart over to, og ein hurtiggåande redningsbåt måtte rykke ut for å hindre at seglbåten dreiv i land. Kvinna som var att om bord kunne nemleg ikkje segle. Hjelpelaust drivande på havet var det ho som melde ifrå om ulukka.
Vatnet held berre kring 10 grader, men politiet vil ikkje spekulere i kor lenge ein person kan overleve i det kalde vatnet. Leitinga blir sett i gong klokka åtte måndag, men det er enno ikkje sikkert om helikopter vert sett inn i søket.