Hopp til innhold

Mann sakna i Florø

Politiet leiter no etter ein mann i 30-åra i Florø. Mannen er meldt sakna av familien

Leiteaksjon i Flora

MANN SAKNA: Brannvesenet i Flora deltek i leitinga etter sakna mann i 30-åra.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Klokka 23.50: Opplyser politiet at dei no utvidar leiteområdet.

– Vi står utan spor etter mannen, og har no også kalla ut mannskap i Svelgen, Naustdal og Førde og leitinga vil pågå ut over natta, seier Wenke Hope, som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Mannen vart meldt sakna då han ikkje møtte opp på jobb i ettermiddag.

– Han har heller har oppgitt kvar han skal vere, og familien har ikkje fått kontakt med han, sa Hope då den første etterlysinga av mannen vart sendt ut like før klokka 21.30.

Sist sett i sentrum

Leiteaksjon i Flora

LEITAR OVER HEILE KOMMUNEN: Store mannskap leiar no etter den saka mannen i Flora.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Mannen vart sist sett i Florø sentrum ved 15-tida måndag ettermiddag. Mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps og brannkorps deltek i leitinga, og det blir leita i heile kommunen.

– Mannen kan også vere i nordfjord, han har familie i både Vågsøy og Eid, seier Hope.

Klokka 22.45 opplyser Hope at Røde Kors i Vågsøy er kopla inn i leitinga.

Laster Twitter-innhold

Køyrer ein raud Citröen

Mannen køyrer ein raud Citroen C5 med registreringsnummer UA 24011.

– Dersom nokon har sett bilen kan dei ringe politiet på telefonnummer 02800, seier Hope.