Hopp til innhold

Ringde sjølv til politiet då han hamna i elva

Ein person ramla onsdag ettermiddag i Veitebergselva i Stardalen i Jølster kommune. Etter ei tid med uvisse om kor mannen var, vart han redda opp med helikopter.

Redningsaksjon i Stardalen i Jølster kommune.

FALL I ELVA: Alle naudetatane rykte ut for å hjelpe mannen opp igjen frå elva. Foto: Tone Merete Lillesvangstu

– Mannen er ein lokal bonde som har vore av stad for anten å hente eller redde ein sau. Så skal han han sklidd på elva, fortel lensmannsbetjent Agnar Bøyum.

Agnar Bøyum

GJEKK BRA: Lensmannsbetjent Agnar Bøyum er glad det gjekk bra.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Mannskap i helikopter skal ha sett mannen vinke frå elva, og kort tid etter vart han heist ut av eit redningshelikopter, opplyser alarmsentralen.

Melde sjølv ifrå

– Eg er veldig glad det gjekk så bra. Ein veit aldri kva som kan skje, seier Bøyum.

Politiet fekk sjølv telefon frå mannen klokka 14.50.

– Ein mann roper, det er veldig utydeleg, men han klarar å fortelje at han har ramla på elva, seier operasjonsleiar i politiet, Espen Gulliksen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mann hamna i veitebergselva

BERGA: Mannen er sendt til sjukehus etter å ha falle på elva.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Leita i feil elv

Første meldinga gjekk ut på at det var i Jølstra, men uhellet skjedde i Veitebergselva i Stardalen i Jølster. Dårleg dekning gjorde at det var vanskeleg for politiet å høyre mannen.

– Eg høyrde ikkje han, og han høyrde ikkje meg, men vi forstod at det er i Jølster, seier Gulliksen.

Mann på elv i Stardalen

I LUFTA: Fleire helikopter hjelpte til i redningsarbeidet.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Naudetatane var difor først på plass ved Jølstra mellom Vassenden og Førde for å leite.

– Brannmannskap er på plass etter melding om at ein mann skal ha hamna i elva Jølstra, sa Jan Gunnar Holvik, vakthavande på alarmsentralen like etter meldinga kom.

Kom seg opp på ein stein

Politiet prøver gjentatte gonger å få kontakt med mannen og oppnår sporadisk kontakt, men det er like utydeleg.

Mannen klarte til slutt å klatre opp på eit berg i elva som han venta på til hjelpa kom. Sjølv skal han ha sagt at han har skader i rygg og bein og er no frakta til sjukehus i Førde.

Ifølgje folk på staden er det ikkje så mykje vatn i elva på grunn av eit kraftverket.

Sea King

HEISA OPP: Eit Sea King-helikopter heisa mannen opp frå elva.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK
Mann i elva