Hopp til innhold

Mann omkom etter utforkøyring med traktor heime på garden

Alle naudetatane rykte i ettermiddag ut etter at ein mann blei funnen omkomen etter ei traktorulukke på Kråkenes i Førde kommune.

Politi Kråkenes

RASKT PÅ PLASS: Naudetatane kom raskt til staden der ein mann vart funnen omkomen i ettermiddag.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Ein traktor køyrde utfor vegen og hamna langt ned i ein skrent. Både politi, ambulanse og luftambulanse drog til staden.

– Det viste seg at førar av traktor hadde forulukka som ei følge av hendinga. Årsaka til hendinga er ikkje kjend, opplyser politiet måndag ettermiddag.

Arbeidstilsynet er varsla, og forholdet vert vidare etterforska av Førde lensmannskontor.

Etter det NRK kjenner til vart mannen oppdaga av forbipasserande som såg at traktoren låg nede i ei skråning på garden.