Hopp til innhold

Politiet måtte hjelpe mann som sat fast under dør

Fyll og bråk prega kvelden og natta for politiet i Sogn og Fjordane. Eit oppdrag stussa også politiet over då det vart meldt inn.

Politi

TRAVEL NATT: Politiet i fylket måtte rykke ut fleire stader på grunn av rusa personar som laga bråk natt til laurdag.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Vi vart litt forundra over meldinga, seier Trond Hatlenes ved operasjonssentralen til Sogn og Fjordane Politidistrikt.

Like før klokka tre natt til laurdag fekk dei nemleg melding om ein mann i 20-åra som sat fast under ei dør i Strandgata i Florø. Politi og brannvesenet måtte trå til for å hjelpe den rusa mannen laus.

– Korleis han har sett seg fast og kva som skjedd er uklart, men det fekk i alle fall ein lukkeleg slutt, seier Hatlenes.

Menn i 20-åra som bråka

I Sogn vart det fleire oppdrag på politiet gjennom kvelden og natta. Allereie tidleg fredag kveld måtte ei mann i 20-åra fraktast frå Gaupne til arresten i Førde etter at han laga bråk i ein privat bustad.

I Sogndal vart ein mann i 20-åra køyrd heim av politiet etter å ha skapt uro i Sogndal sentrum. Saka blir meld til politiet. Ein annan mann kan også vente seg meir kontakt med politiet, etter at dei hanka han inn på grunn av rus og ordensuro på offentleg stad i Kaupanger seint natt til laurdag.

Politiet i Førde måtte køyre ein mann i 20-åra heim då han ikkje var ønska i ein annan heim i området.