Mann i 50-åra fekk sin 41. dom

Ein mann i 50-åra har fått sin 41. dom i tingretten. Ifølgje retten skal han ha oppbevart 291 Rivotril-tablettar, 5,8 gram hasjisj og kring 4,5 gram amfetamin, i tillegg til å ete av tablettane den dagen han vart teken.

– Det blir i skjerpande retning lagt vekt på at narkotikaen var meint som «smaksprøvar» for å få personar i narkotikamiljøet i Sunnfjord til å bli interessert i kjøp. Vidare blir det i skjerpande retning lagt vekt på at den sikta tidlegare er domfelt for liknande forhold, skriv Sogn og Fjordane Tingrett i vurderinga av straffa.

Seinast i februar i år vart mannen dømd for grove tjuveri, innbrot og brot på narkotikalovene. Mannen tilstod brotsverket og vart dømd til fem månader i fengsel. Dette inkluderer også fengselsstraff for brotsverket i februar.

Sogn og Fjordane tingrett
Foto: Oddleif Løset / NRK