Hopp til innhold

Sakna turgåar i Fjaler funnen død

Den sakna turgåaren som søndag kveld vart meldt sakna i fjellet i Fjaler vart funnen død klokka 01.02 natt til måndag, melder politiet.

LEITEAKSJON: Mannen skal ha lagt ut på fjelltur frå Yndestad camping. Høgevarden ligg på 515 meter over havet.

– Dette er forferdeleg trist, og eg tenkjer først og fremst på dei som er pårørande og kjenner kvarandre. Men eg er trygg på at mange i lokalsamfunnet tykkjer at dette er veldig vondt, seier Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang (V).

Gunhild Berge Stang

TRIST: Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang seier arbeidsplassen til mannen følgjer opp dei tilsette. – Vi har dialog med leiinga ved arbeidsplassen og står parat dersom behov for våre ressursar, seier ho.

Foto: Josef Tveit / NRK

– Står fram som ulukke

Mannen vart søndag kveld meldt sakna då han ikkje kom att frå ein tur til fjellet Høgevarden. Klokka 05.34 måndag melde politiet i ei pressemelding at den utanlandske gjestearbeidaren var funnen død i området det vart leita i.

– Det er ikkje noko som tyder på at den sakna er utsett for noko kriminelt, og hendinga står fram som ei ulukke, skriv operasjonsleiar Stein Rune Ø. Halleraker i Vest politidistrikt.

Han opplyser vidare at dei pårørande i utlandet ikkje formelt er varsla, og at politiet ikkje ønskjer å gå ut med alder eller nasjonalitet på noverande tidspunkt.

Gode rutinar

Saka blir etterforska av politiet i Sunnfjord, samstundes som kriseteamet til Fjaler kommune står klar til å følgje opp dei som er råka av hendinga.

Ordføraren seier dei er i dialog med arbeidsgjevaren, som har sett i verk sitt system for å snakke med tilsette og kollegaer av mannen.

– Arbeidsplassen til vedkommande har gode rutinar for å vareta psykososiale forhold, så vi er i tett dialog med dei, og ser an situasjonen og behov etter kvart. Vi kan til dømes bidra med prest og psykolog til oppfølging av kollegaer, seier Stang.

Sende filmsnutt

Mannen, som har vore i Noreg ei kort stund, vart meld sakna i 18-tida då han ikkje var komen attende frå fjellturen han la ut på i området mellom Sloppen og Yndestadfjellet.

Han gjekk åleine.

– Han har gått ut frå Yndestad camping. I 14-tida sende han ein filmsnutt til nokon. Vi meiner den er sendt frå eit fjell som heiter Høgevarden, opplyste operasjonsleiar Per Algrøy i 20.30-tida søndag.

Storstila aksjon

– Det er ganske bratt og vanskeleg terreng å ta seg fram i mørket, og lokalkjende seier det berre er to vegar å gå ned att. Går ein andre vegar, kan ein få problem, sa Algrøy.

Kring 15 personar frå Røde Kors i Førde og Fjaler og tre hundar frå Norske Redningshundar i Bergen deltok i søket.

Både luftambulanse og redningshelikopter var inne i søket.

– Det er kaldt, men høvesvis greie søkeforhold, så vi gir ikkje opp søket med det første. Vi vil halde på utover natta, sa Algrøy.