NRK Meny
Normal

Mann henta ned frå fjell med luftambulanse

Fjellturen til Førdsnipa enda brått for ein mann i 50-åra.

Laster kart, vennligst vent...

– Slik vi har forstått det har mannen gått tom for næring og var utmatta, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Per Rimmen.

Mannen som var på tur mellom Hjellestølen og Førdsnipa ringde ein kamerat som igjen ringde politiet klokka 14.26.

Ein luftambulanse vart sendt opp til mannen. Dei lokaliserte han klokka 14.49, og han vart henta ned for legesjekk.

– Det skal stå bra til. No er han i alle fall i trygge hender, seier Rimmen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.