Hopp til innhold

Mann heldt skytevåpen då han jaga ungdomar

Ungdomane har meld hendinga til politiet som no etterforskar saka.

Situasjonen oppstod på ei badestrand i Vågsøy i august.

– Ein mann hadde framme eit skytevåpen då han jaga nokre ungdomar derifrå. Politiet har rutinemessig beslaglagt alle våpena til denne personen og det er oppretta ei sak som framleis er under etterforsking, seier politibetjent i Vågsøy, Jan Arild Nervik.

Usikkert korleis våpenet vart vist fram

Politiførstebetjent Jan Arild Nervik

ETTERFORSKAR: Politibetjent, Jan Arild Nervik, ved Vågsøy lensmannskontor.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Det var ei samling av ungdomar på badestranda då det skjedde, men av omsyn til personane og etterforskinga ønskjer ikkje politiet å gå ut med fleire detaljar.

Korleis mannen har halde fram våpenet er usikkert.

– Det er noko av det som vi vil at etterforskinga skal seie noko om. Er det berre blitt synt fram, er det blitt brukt til å truge med aktivt, og så vidare. Dette er spørsmål som etterforskinga må prøve å få avklart, seier Nervik.

Politiet er godt i gang med etterforskinga, men har framleis ein del igjen.

– Vi har snakka med ein del av dei involverte ungdomane og vi har framleis eitt par til å snakke med før vi ser oss ferdig med saka.

Usemje i forklaringane

Nervik vil ikkje gå i detalj på kva som kome fram i avhøyra, men seier at det i forklaringane er usemje i skildringane av situasjonen.

–Det er ikkje dei store usemjene, men det er nokre detaljar der som er viktig for politiet å få klarlagt gjennom vitneavhøyr.

– Kor alvorleg sak er dette?

– Vi ser svært alvorleg på denne saka. Skytevåpen skal ikkje brukast til slike ting i det heile teke. Det er svært sjeldan ein har høve til å ta fram eit skytevåpen, då snakkar ein helst om jakt, seier politibetjenten.