Hopp til innhold

Mann funnen død i elv

Ein mann i 50-åra blei i føremiddag funnen død i ei elv i ytre Bremanger.

Førde i Ytre Bremanger

OPPDAGA AV FORBIPASSERANDE: Den om komne vart funnen i denne elva på Førde i Ytre Bremanger.

Foto: Åge Senneset

– Forbipasserande fann føremiddag ein død person i ei elv i Ytre Bremanger. Lege og politi har vore på staden. Dødsårsaka er uavklart, og det vil bli ein obduksjon, opplyser operasjonsleiar Inge Værøy ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Sogn og Fjordane.

Han legg til at politiet så langt ikkje har mistanke om at det skal ha skjedd noko kriminelt.

– Vi har ikkje noko saknamelding på vedkommande. Han skal sist ha blitt observert i går ettermiddag.

– Kva skjer vidare?

– Det vil bli gjort rundspørjing i området, vedkommande blir sendt til obduksjon, og vi vil då vente på rapporten frå denne, seier Værøy.

Førdesdalen i Bremanger