Mann fengsla for overgrep

Ein mann i 20-åra er fengsla i fire veker, sikta for seksuell omgang med barn under 14 år og seksuelt krenkande åtferd mot barn under 16 år. Mannen vart pågripen i førre veke, og har erkjend straffskuld. Dialogen mellom sikta og fornærma skal ha gått via ulike digitale plattformer.