Mann funnen omkomen etter å ha falle i Tufteelva i Aurland

Ein mannleg turist omkom etter å ha falle i Tufteelva i Gudvangen, ifølgje politiet i Sogn og Fjordane.

Redningsmannakspane vurderer no kva som skal gjerast for å hente mannen ut av elva.

AKSJON: Redningsmannskapane vurderer no kva som skal gjerast for å hente mannen ut av området.

Foto: Arne Veum
Eirik Hildal
Journalist
Eva Marie Felde

– Kvart på fire vart mannen henta ut av helikopteret, og kring klokka 16 vart mannen stadfesta omkomen, fortel politiet til NRK.

Kriseteamet i kommunen er kalla ut for å ta hand om ei kvinne som var saman med den omkomne tyske turisten.

Krevjande redningsaksjon

– Sea King-helikopteret og luftambulansen har landa, og det blir planlagt ein aksjon for å prøve å få mannen opp frå der han ligg. Magne Knudsen, som er skadestadsleiar på staden, seier at dei arbeider med å få på plass ei klatregruppe for å få mannen ut, fortalde Arne Veum frå staden til NRK kring klokka 15.30.

Han fortel vidare at det er fint vêr på staden, men mykje vind.

– Vinden, i tillegg til ulendt terreng er med på å gjere det vanskeleg. Det ligg eit stykke oppe i fjellsida, sa Veum frå staden.

Alt tilgjengeleg mannskap kalla ut

– Vi har fått melding om at det skal vere ein turist som har falle elva, sa Terje Brandsøy ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, etter at ulukka skjedde.

Mannen er ifølgje politiet ein tysk turist i 20-åra. Mannen fall i elva eit godt stykke oppe i fjellet, på mellom 400 og 500 meters høgde, opplyser politiet.

Det vart slått full redningsalarm. Både dykkarar, helikopter, politi, ambulanse, Røde Kors og alpine redningsgrupper er involvert.

Ifølgje Hovudredningssentralen er både eit redningshelikopter og ein luftambulanse med dykkarar sendt frå Bergen.

Redningsmannskap er på staden etter at ein tysk tursit fall i elva.

AKSJON: Ein mannleg turist fall i Tufteelva i Gudvangen. Dykkarar, helikopter, politi, ambulanse og Røde Kors vart kalla ut.

Foto: Arne Veum

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.