NRK Meny
Normal

Fuktig 17. mai-feiring enda med vald og utskjelling

17. mai-festen blei alt anna enn hyggeleg for mannen i tjueåra som no er dømd for fleire tilfelle av vald og tvilsam oppførsel på nasjonaldagen.

Quality Sogndal Hotell

DÅRLEG OPPFØRSEL: Ein mann i tjueåra er dømd for å ha dytta og slege andre gjester ved ein av uteplassane på Sogndal Hotell i Sogndal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Natt til 17. mai var mannen på ein utestad på Sogndal Hotell, der mange var samla for å feire inngangen til nasjonaldagen. No er mannen dømd for å ha dytta ei ung jente slik at ho falt i bakken.

Straks etterpå slo han ein annan mann ein eller fleire gonger i ansiktet og hovudet med knytte hand. Då politiet kom til seinare på natta for å arrestere mannen, brukte han temmeleg stygge ord mot den eine politibetjenten.

Den tiltalte la alle kort på bordet i tingretten, og retten er nøgd med han har gjort tiltak for å betre sin eigen livssituasjon med å kutte ut rus, samt gjort tiltak for å skaffe seg arbeid. Han er tidlegare dømd ein rekkje gonger for narkotikalovbrot, tjuveri og vald.

Han blei dømd til 120 dagar fengsel, der 60 dagar er på vilkår. Sogn tingrett vonar at kriminalomsorga kan gje mannen høve til å sone med fotlenke, slik at han kan halde fram med å snu livet.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser