Hopp til innhold

Mann alvorleg skadd i trafikkulukke på Hemsedalsfjellet

Ein 64 år gammal mann er alvorleg skadd etter at ein lastebil og ein personbil har vore involvert i ei trafikkulukke på Hemsedalsfjellet.

Trafikkulukke på Hemsedalsfjellet

Trafikkulukka skjedde ved Breistølen på riksveg 52 på Hemsedalsfjellet i Lærdal.

Den 64 år gamle mannen vart sendt med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus. I ei pressemelding frå sjukehuset blir det fortalt at 64-åringen er alvorleg skadd. Ifylgje politiet var han i personbilen saman med ei kvinne, som skal vere lettare skadd.

– Ein mann er hardt skadd og passasjeren, ei kvinne, er lettare skadd. Dei vil no prøve å få mannen ut med luftambulanse, seier Kai Henning Myklebust ved operasjonssentralen for politiet i Sogn og Fjordane.

Føraren av lastebilen er uskadd.

Det skal ikkje ha vore glatt på vegen der ulukka skjedde, men vegen på staden blir skildra som fuktig. Politiet har ikkje enno oversikt over kva som har skjedd, og førebels skal det vere uvisst om dei to bilane har vore i kontakt med kvarandre.

Politiet fekk først melding om at éin bil hadde køyrt i autovernet og at ingen var alvorleg skadde. Men då politi og ambulanse kom til staden, viste situasjonen seg å vere annleis.

Dei involverte bilane er no rydda frå ulukkesstaden, og det skal vere fri ferdsle på vegen.