Hopp til innhold

Mann (67) omkom - framleis er ingen avhøyrde

Ingen av dei involverte i dødsulukka i Gulen i natt er så langt avhøyrde av politiet. Etterforskinga til politiet held fram.

Båt på grunn i Gulen

Det var denne båten som i natt køyrde på land med fem personar om bord. Ein 67 år gammal mann omkom i ulukka, og to er alvorleg skadde.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ein 67 år gamal mann omkom etter at ein fritidsbåt natt til fredag køyrde på eit skjær i Kiparsundet på veg frå Utkantfestivalen i Skjerjehamn til Eivindvik i Gulen.

Til saman fem personar var om bord. To av dei, begge kvinner i 30-åra, ligg alvorleg skadde på sjukehus. Ei kvinne i 50-åra er lettare skadd, medan ein mann i 40-åra kom frå det utan fysiske skader.

Les også: Ein person død etter båtulykke i Gulen

Båt på grunn i Gulen

TREFTE LAND: Ifølgje politiet var det eit kraftig samanstøyt då båten trefte land.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Lensmann Ivar Holmaas i Gulen, Masfjorden og Solund, seier politiet har jobba med saka i heile dag.

– Kriminalteknikarar frå Bergen jobbar på åstaden og dei skal også undersøke båten, seier Holmaas.

Kraftig samanstøyt

Operasjonsleiar Lars Geitle ved Vest politidistrikt skildra fredag morgon hendinga som ein kraftig samanstøyt. Det var ingen vitne til hendinga.

Ifølgje politiet var det den uskadde mannen om bord som fekk varsla medisinsk naudtelefon.

Ulukka skjedde i samband med Utkantfestivalen i Skjerjehamn som kvart år samlar hundrevis av båtar. Fleire båtar tilknytt festivalen sitt beredskapsteam var raskt på plass.

Ein person er død etter båtulykke i Gulen. Og to kvinner i 30-åra er alvorleg skadd etter ulykka som skjedde i samband med Utkantfestivalen i Gulen i natt.

SJÅ VIDEO: Båten ligg framleis ved holmen der ulukka skjedde. (Foto: Aleksander Åsnes)

Har ikkje gjort avhøyr

Fredag ettermiddag er ingen av dei fire som overlevde ulukka avhøyrde av politiet. Lensmann Ivar Holmaas seier politiet prata med enkelte personar i natt, men at dei ikkje har snakka med dei involverte utover det.

– Situasjonen er slik at dei fire vart sende til sjukehus og så langt har vi ikkje snakka med nokon av dei. Det vil vi gjere når dei blir utskrivne og det er mogleg å gjere avhøyr, seier Holmaas.

Han seier avhøyr ikkje er ei prioritert oppgåve for politiet i helga.

– Det viktigaste no er å vareta dei som har vore involvert i ulukka og dei hjelpemannskapa som var i aksjon i natt. Mellom anna mannskap og ressursar frå Utkantfestivalen, seier han.

Så langt veit politiet ingenting om kva som skjedde i tida rett før ulukka. Holmaas seier dei i løpet av helga vil samle informasjonen dei har med mål om å kome nærare eit svar.

– Dette er ein tragedie vi førebels ikkje har noko aning om kvifor har skjedd, seier han.

Den døde vil bli frakta til Gades institutt i Bergen for obduksjon.