Politiets sikkerhetstjeneste fryktar at mannen kan gjere nye straffbare handlingar av same eller liknande karakter om han blir lauslaten.
Mannen har site varetektsfengsla sidan 4. juni. Oslo tingrett har no bestemt at 47-åringen kan haldast fengsla til 13. november.
- LES OGSÅ:
Mannen er sikta for fire brot på straffelova. I tillegg til å rette mot statsminister Jens Stoltenberg, skal mannen ha truga stefaren sin, ein annan framtredande norsk politikar. Truslar mot statsministeren har ei strammeramme på 15 år.
Erkjende straffskuld
Den 47 år gamle mannen er også sikta for fleire andre lovbrot og erkjende straffeskuld for alle forhold i det siste fengslingsmøtet.
Forsvarar Oscar Ihlebæk har tidlegare sagt at han meiner mannen lir av psykosoe. Advokaten har tidlegare bede om ei rettspsykiatrisk vurdering av klienten sin. Denne skal leggast fram 9. oktober.
Ihlebæk seier til NRK.no at han omsyn til diagnosen til 47-åringen ikkje vil leggje særskilt vekt på tilståinga.
– No er saka førehandsberamma til heile veke 48, og vi vil då gå grundig igjennom saka, seier Ihlebæk.
Samtykka til fengsling
I kjennelsen frå Oslo tingrett blir det vist til observasjon frå ein politilege som ikkje gir grunnlag for å rekne sikta som strafferettsleg utilrekneleg.
I hovudsak blir sikta varetektsfengsla i fire veker. Oslo tingrett legg vekt på alvorsgraden i saka, gjentakingsfare og sikta sin samtykke til fengsling.