Hopp til innhold

Mann (38) lettare skadd etter rundvelt

Ein arbeidar fekk brot- og kuttskadar etter at ein veghøvel gjekk rundt i Bremanger.

Veghøvel stoppa av tre etter ulukke ved Dyrstad i Bremanger

STOPPA I STORE TRE: Veghøvelen stoppa til slutt i nokre store tre på nedsida av vegen.

Foto: Politiet

Politiet fekk klokka 11.19 laurdag føremiddag melding om ei arbeidsulukke ved Dyrstad i Bremanger. Føraren av ei anleggsmaskin vart skadd etter at maskina hadde hamna utfor vegen.

Det er bratt i området der ulukka har skjedd, og etter det NRK får opplyst har veghøvelen stoppa i nokre tre, fleire titals meter under vegen der den hamna utfor.

Operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt seier dei førebels ikkje veit kva som skjedde i forkant av hendinga.

– Føraren kom seg sjølv ut av maskina før den stoppa. Om han har ramla ut eller sjølv klart å ta seg ut av køyretøyet er ikkje kjent for oss per no, seier Kolltveit laurdag ettermiddag.

Føraren, ein 38 år gamal mann, vart sendt til Førde sentralsjukehus med redningshelikopter. Helse Førde melder laurdag at mannen er lettare skadd. Han får behandling for brotskadar i ribbeina og kuttskadar ved intensivavdelinga. Politiet har teke ein rask prat med han, og skal gjere vidare undersøkingar over helga.

Køyretøyet blei ståande inn mot nokre tre, og er blitt sikra med kjettingar for å hindre at det forsvinn vidare nedover fjellsida.

Den skadde mannen var på jobb for Bremanger Quarry då ulukka skjedde. Han var på veg ned frå eit steinbrot som selskapet har i fjellet over Dyrstad. Ulukka skjedde på ein privat veg.

NRK har vore i kontakt med selskapet som seier dei i dag har vore opptekne av å ta vare på den skadde, og at dei vil følgje opp hendinga internt.