Hopp til innhold

Manglar livsviktig hjartemedisin

Sjølv om nokre av landets fremste hjartespesialistar meinar at Helse Førde må skaffe seg såkalla trombolyse-behandling i ambulansane, skjer det ingenting.

Denne behandlinga kan redde liv ved hjarteinfarkt. Professor og avdelingsjef Jan Erik Nordrehaug ved hjarteavdelinga på Haukeland sjukehus, meiner Helse Førde bør ha trombolysebehandling.

- Dette er ei livreddande behandling som alle bør ha tilgang til, slik at det bør brukast alle stader, seier han.

Tilbod andre stader i landet

Får ein hjarteinfarkt i dag, vert 85 av dei vel 100 pasientane som årleg vert sjuke her i fylket sendt til Haukeland med helikopter.

Men dårleg ver gjer at omlag 15 ikkje kjem seg til Bergen innan ein og ein halv time som er innan den tida ein ideelt må vere framme for å få opna tette årar.

Det er då det er aktuelt med trombolysemedisin, og medan ein ellers i landet får tilbod om dette i ambulansane er det framleis nei i Sogn og Fjordane.

- Dette er ei ganske enkel opplæring for ambulansepersonnellet. Dei har greidd det ei rekkje andre stader i landet, seier Nordrehaug.

- Ikkje nok trening

Fagdirektør i Helse Førde Hans Johan Breidablikk seier at det i dag fins trombolysemedisin ved dei tre sjukehusa i fylket og omlag ti av dei 15 som ikkje kjem fram i tide til Bergen får hjelp der.

Dermed er det fem i året som treng trombolyse. Og trass i at spesialisten ved Haukeland meiner behandlinga ikkje er vanskeleg, meinar Breidablikk at ambulansetilsette ikkje vil få nok trening til at dette er forsvarleg. Faren er at medisinen også er alvorleg blodfortynnande.

- Det er eit svært lite antal i året, og det må vi ta i vurderinga.

- Alle er like mykje verd

Breidablikk seier at akuttmedisinske team som er under planlegging vil kunne kome ambulansane i møte med medisin og hjelpe folk i utkantane som ikkje kjem fram i tide.

Men Marita Aarvik i Selje Framstegsparti som lenge har kjempa for slik medisin seier at dette ikkje er nok.

- Kvart menneske er like mykje verd, uansett kvar du bur.