– Vi har vel 130 gjester allereie, seier Merete Helgheim ved Jølster skisenter når NRK snakkar med ho klokka 13 sundag.
Ho melder om sol og flotte løyper, og seier dei har plass til fleire i bakken. Ho reknar med at storinnrykket startar no ut over ettermiddagen.
– I går hadde vi 500, men då var det også renn. Då arrangerte vi Super-kombi, det vil seie Super-G og slalåm, seier Helgheim.
- Les også:
NRK sin ringerunde til nokre av skianlegga i fylket syner at folk har nytta helga i skibakken. Også i Nordfjord syner vêrgudane seg frå si beste side.
, er forholda fine i alpinbakkane.– Vi har hatt jamt mykje folk både laurdag og sundag, utan eg har konkrete tal å syne til. Men det har i alle fall vore bra fullt på parkeringsplassen begge dagane, seier Stein Bjørhovde ved Harpefossen skisenter i Eid.
Påskestemning
Ved Sogn skisenter på Heggmyrane i Luster melder driftsleiar Runar Tørvi om reine påskestemninga.
– I går var det veldig flott med sol mykje folk, også i fjellet. I dag er det litt meir overskya og litt kaldare så det er ikkje så mange turløparar, men i bakken er du fullt.
– Kor mykje folk har du hatt innom i løpet av helga?
– Dersom vi seier 600 i går og 400 i dag så skal vi ikkje vere så langt unna, seier Tørvi.