Hopp til innhold

Mange gniarar i skiløypene

Mellom fem og ti prosent av dei som parkerer og brukar løypene til Langeland skisenter i Gaular let vere å betale, seier styreleiar Kjetil Bjørset til Firda. Dette utgjer eit tap på mellom 50.000 og 100.000 kroner for skisenteret. Til no har dei nøydd seg med å legge ein purrelapp på bilruta, men det er aktuelt å innføre ein strengare praksis, seier Bjørset.

Skiløypa Langeland-Gjøsetstølen
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK