Hopp til innhold

Målrockfestivalen slepp nye namn

– Det blir både hipt, rocka og tradisjonelt på årets Målrockplakat, seier bookingansvarleg Thomas Norheim Moen når Målrock offentleggjer to nye namn til årets Målrockfestival i Årdal.

Eye Emma Jedi

EYE EMMA JEDI: Dei har spelt både på Malakoff og Øyafestivalen. I august kjem Eye Emma Jedi til Årdal.

Foto: pressefoto

Frå før er det klart at Åge og Sambandet, Ole Paus, Vinni og Drusar får plass på plakaten.

I dag presenterte arrangøren Eye Emma Jedi, El Caco og Strupetakarane som nye namn.

– Vi kan love ei oppleving du seint vil gløyme med desse to banda her, seier Thomas Norheim Moen, bookingansvarleg i Målrock, i ei pressemelding.

Store namn

Eye Emma Jedi er indierock, og rekna som eit av dei mest lovande banda i Norge. Gjengen som møttes på LIPA (The Liverpool Institute for Performing Arts), også kjend som Paul McCartney-skulen, har spelt saman sidan 2011. Sidan har dei fått mykje merksemd og speletid i NRK P3.

Dei har også spelt både på Malakoff og Øyafestivalen.

El Caco har gjort seg bemerka innan sjangeren hardrock og metal. Bandet har halde på sidan 1998 og vart i år nominert til Spellemannsprisen for plata «Hatred, Love & Diamonds».

Engelsk på Målrock

El Caco

RUTINERTE: El Caco har halde på sidan 1998.

Bookingsjefen er klar på at sistnemnde blir einaste engelskspråklege på årets festival, som går av stabelen 9. og 10. august i Årdal.

– Lista ligg svært høgt når vi vel å booke engelskpråklege artistar, og vi trur alle har høyrt opptil fleire låtar frå desse artistane utan å eigentleg vere klar over det, seier Norheim Moen.

Lokale Strupetakarane har på si side spelt kvart år på festivalen.