Måløy-duo til topps

Country-duoen Arne Andal og Reidar Gotteberg frå Måløy vann Fylkestoppen 22. mai.

Dei var med for første gong med songen "Boats to build". Også den andre utfordraren, The Generous Days, klarte å komme inn på lista.

Slik ser lista ut etter avstemminga torsdag:

Fylkestoppen

Plass

Artist

Tittel

Førre gong

Antal gonger

Antal 1. plassar

Poeng

1

Jakob Hals og Jorunn Irene Erdal

Something you got

1

1

2

228

2

Ramstadlaget

I gamle spor

3

2

208

3

Honndalstausene

Reinlender etter Ole Langøyli

Ny

1

174

4

Steinar Engelbrektson Band

Veit du ka eg føle

5

3

1

156

Ut av lista

204

5

Good Time Charlie

Time is running' out

Ny

1

134

6

The Generous Days

Smile

4

4

118

The generous days
Foto: Pressefoto

Utfordrar 1:

Første utfordrar til fylkestoppen 22. mai var The Generous Days.

Erik Grov (vokal), Jostedalen, Per Christian Grov (bass), Borgund, Gunnar Husabø (trommer), Leikanger og Eirik Kristensen (gitar) frå Hornindal gav nyleg ut sin første EP. I slutten av mai skal dei spele på den legendariske klubben "The Cavern" i Liverpool, der The Beatles hadde sine første spelejobbar.

The Generous Days er også ei av tre grupper som er klare for årets Hovefestival si campingscene.

Høyr: The Generous Days - Smile

Reidar Gotteberg - countryguten

Utfordrar 2:

Arne Andal og Reidar Gotteberg var andre utfordrar til fylkestoppen torsdag 22. mai. Gotteberg låner stemme til Guy Clark og Verlon Thompson-låten, Boats to build, medan Arne Andal spelar alle instrumenta. Duoen frå Måløy har spelt inn fylkestoppsongen på kjøkkenet heime hjå Andal.

Reidar Gotteberg bur no i Tønsberg, men vågsøyværingane held likevel konsertar med jamne mellomrom, og satsar også på spele inn fleire songar frå repertoaret sitt.

Høyr: Andal og Gotteberg - Boats to build

Jakob Hals
Foto: Privat

Jakob Hals

Vinnaren av Fylkestoppen 24. april er henta frå plata som arrangørane av seglskutetreffet Tall Ships Races i Måløy har gitt ut. Det er artistar frå kommunane Vågsøy, Eid og Selje som står bak dei 18 spora på plata. Mellom dei er Jakob Hals frå Flatraket. Det er hans versjon av Danny Boy som prøver lukka på fylkeslista.

Høyr: Jakob Hals - Danny Boy

Kathe Sunde
Foto: Presse

Kathe Sunde

Med songen "Om englar finns " prøver treborns mora, Kathe Sunde, frå Stryn seg på Fylkestoppen som andre utfordrar. Etter 17-år som lokal dansebanddronning håpar ho no at duetten med Steinar Engelbrektson etter kvart skal resultere i platekontrakt.. "Om englar finns" er spelt inn i studio til Audiofarm i Ørsta. Steinar Engelbrektson spelar trekkspill. Steelgitaristen i Vassendgutane, Lars Erik Vågseter, har lagt på Steelgitar, og Svein Erik Åmås spelar resten av instrumenta.

Høyr: Kathe Sunde - Om englar finnst

Cinderellas Birthday Party Band

Cinderellas Birthday Party Band

Foto: Kjell Yndestad

Cinderella's Birthday Party Band

Det er dei fem unge jentene i Cinderella's Birthday Party Band som prøver seg som utfordrar nummer to til neste utgåve av Fylkestoppen.

I fjor fekk dei Draumestipendet frå Norsk Kulturskuleråd, og var også med i landsfinalen i Ungdomens Kulturmønstring.

3. april prøver jentegruppa frå Askvoll songen Fanaticaly Slow for juryane på Fylkestoppen.

Høyr: Cinderella`s Birthday Party Band - Fanaticaly Slow

Britt Pernille Frøholm
Foto: Presse

Britt Pernille Frøholm

Norske musikkmeldarar har omfavna solodebutplata til nordfjordingen Britt Pernille Frøholm. Vellyden frå Hornindal er svært godt motteken både i urbane Aftenposten, VG og Dagbladet. No prøvar 30-åringen seg på Fylkestoppen med skorsk etter Lars Thomasgaard, frå plata "For Allje Dei".

På plata tek ho tradisjonsmusikk frå heimbygda Hornindal, tilfører sitt eige sterke personlege uttrykk og levandegjer på ein framifrå måte magien i musikktradisjonane, meinar musikkmeldarane.

Høyr: Britt Pernille Frøholm - Skorsk etter Lars Thomasgaard

Stem på e-post eller telefon

Neste utgåve av Fylkestoppen er torsdag 12. juni. Etter at siste utfordrar vart presentert torsdag 5. juni, kan du røyste på din favoritt via internett. Det gjer du ved å sende ein e-post til fylkestoppen@nrk.no . Skriv namnet på artisten du vil stemme på i emnefeltet.

Mens sendinga går kan du røyste ved å ringe 829 47 544 medan din favorittlåt blir spelt.