Hopp til innhold

Målfest i Stryn

Fjøra trekte det lengste strået i eit målrikt oppgjer på Stryn stadion.

SJÅ OGSÅ: Ny målrik runde i 3. divisjon

Underdal: - Ufatteleg deilig

Tjellaug: - Skal vinne med fem mål

Stryn - Fjøra 5-6 (3-3)

Stryn stadion

Kampen er i gang

0-1 10 min. Arild Underdal. Framspel på høgresida. Underdal kjemåleine åleine med keeper og plasserer den kontrollert i lengste hjørne for keeperen.

1-1 14 min. Jon Terje Tjellaug. Frispark frå kring 20 meter som spelande trenar Tjellaug løftar over muren og i nettmaskene.

1-2 19 min. Arild Underdal. Horribel feilpasning i stryneforsvaret. Underdal får ballen og kjem åleine mot mål. Plasserer ballen mellom beina på keeper. Underdal er no delt toppscorar i divisjonen med 16 mål.

Begge lag har vore effektive. To gule kort så langt til Jarle Flugheim og Kyrre Mad Myren (begge Fjøra).

1-3 27 min. Ingemar Sægrov. Langt framspel som etterkvart hamnar i beina til den tidlegare Sandane-spelaren. Frå like utanfor 16-meteren legg han ballen i det lengste hjørnet.

2-3 35 min. Asbjørn Tenden. Får ein 45 graders-pasning frå Jon Terje Tjellaug og scorar set sikkert inn sitt 14 seriemål.

3-3 43 min. Christian Holko. Fin pasning frå Kåre Balsnes. Holko rundar ein back og plasserer ballen fint i mål. Målscoraren fekk få minutt etter gult kort.

Pause. Det har vore til tider bra spel med gode sjansar begge vegar. Rettferdig med uavgjort til pause.

Kampen er i gang att.

3-4 50 min. Frode Kvåle. Eit innlegg/skot som forandrar retning når det treff Kvåle. Det sender keeper Odd Helge Losnegård ein veg og ballen ein annan veg - i nettmaskene.

4-4 73 min. Kim Andre Molnes. Headar eit innlegg frå Jon Terje Tjellaug i mål. Kåre Balsnes (Stryn) og Øyvind Randby (Fjøra) har begge fått gule kort etter kvilen.

4-5 76 min. Arild Underdal. Jølstringen fyrer laus frå 20 meter.

4-6 78 min. Arild Underdal. Kjem åleine mot keeper, runder han og spring ballen i mål.

5-6 90 min. Trond Leirgulen. Pynta på resultatet.

Slutt. Fjøra trekkjer det lengste strået i eit målrikt oppgjer mot Stryn. Arild Underdal vert dagens mann for sogningane med fire mål. Til dels morosam kamp med mykje mål og mange sjansar. Stryn har ein to-tre forsvarsblundarar som gjer at eit effektivt Fjøra-lag kan punktere kampen.