Hopp til innhold

Malakoff-kø på ferjesambandet Lote-Anda

Tusenvis strøymde til Nordfjordeid og Malakoff Rockfestival. På strekninga Lote-Anda på E39, har ferjekøen bygga seg opp.

Kø på Lote

LANG KØ: Busskuret på dette biletet ligg omtrent 800 meter frå ferjekaia.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Rundt klokka 14.00 i dag var det omtrent ein time med venting på Lote ferjekai.

Trafikken frå Lote aukar stadig og ventetida blir stadig lenger.

Eit alternativ til dei som skal til sør, kan vere å ta riksveg 15 frå Nordfjordeid til Stryn, og køyre fylkesveg 60 til Byrkjelo.

Lang kø på Lote

STADIG LENGRE KØ: Køen har vakse dei siste timane.

Foto: Stine Kyrkjebø / NRK
Kø på Lote

KØ: Lang kø innover Lote.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Kø på Anda-Lote før Malakoff

FREDAG 21. JULI: Mange måtte vente over ein time før dei kom seg med ei ferje på fredag. Fjord 1 har ekstraruter, men det er mange køyretøy å ta unna

Foto: Gro Ravnestad

Fjord 1 har sett opp ekstraturar i samband med Malakoff-festivalen, men Statens vegvesen trur ventetida kan bli lenge også i dag når folk utover ettermiddagen skal heim.

Laster Twitter-innhold